Tappetestar i Sunnfjord
Me har gjennomført tappetestar i Skei, Vassenden, Bygstad og Sande over to dagar. Me nytta vår mobile vassmålar til føremålet. Folk frå Sunnfjord kommune deltok i arbeidet og me sjekka ut kapasitet og trykk i interessante punkt i nettet. Jammen var veret godt også. Resultata skal nyttast til å kalibrere nettmodellar for områda. På denne måten kan ein vere trygg på at nettmodellen gjev gode resultat i alle punkt i nettet.