MBA-analyse for vassverk i Sunnfjord

Me har oppdraget med å utarbeide Mikrobiell Barriere Analyse (MBA) for 6 vassverk i Sunnfjord kommune. Denne metoden gjev ein talfesta verdi for kor god den hygieniske barriera i ei vassbehandling er, mot det aktuelle råvatnet på staden. Dette er ein metode som burde vore meir nytta i norsk vassverk, enn kva den er i dag.

I dette arbeidet skal me gje eit svar på kva dagens situasjon ER. Og dersom analysen gjev eit negativt svar skal me syne aktuelle tiltak som kan gjere den hygieniske barriera sterk nok. Dette kan vere tiltak i nedslagsfeltet eller i vassbehandlinga. Me takkar for oppdraget.

Forrige
Forrige

Eigarskifte i Siv. Ing. Tobias Dahle As

Neste
Neste

Dimensjonering av leidningsnett i Vestre Slidre