Fagkonferansen i Sogndal (Last ned foredrag her)

71 deltakarar var med på fagkonferanse over to dagar i Sogndal. Den første dagen handla det om lekkasjereduksjon med foredrag frå både kommunar og leverandørar.

På dag to var Sogndal kommune i fokus. Me fekk høyre om vassverka, frå Sogndal kommune sjølv, men òg frå fleire aktuelle leverandørar. Sognekraft holdt eit innlegg om utbygginga av både kraftproduksjon og vassforsyning på Leikanger. Me avslutta dagen med synfaring på Vangestad vassbehandlingsanlegg.

Sogn synte seg frå si vanlege vakre side begge dagane, og oppvartninga på hotellet var god. Me takkar alle for deltakinga.


Her kan foredraga lastast ned (Volue og Pipelife er ikke motteke enno):

Tilsyn og satsingsområde - Mattilsynet - Grete Mollan Breisnes
Vanntap i ledningsnettet- Bergen kommune - Christian Mack
Aktiv lekkasjesøking i Øygarden - Øyvar
Praktisk lekkasjesøking i Bergen kommune - Bergen kommune
Aktuelt utstyr for lekkasjesøk - Eskeland Electronics - Jan Helge Høvset
Aktuelle VA - produkt - Hallingplast - Lars Rise
VA - anlegga i Sogndal - Sogndal kommune - Gjert Aaberge Dahl
Oppbygging og drift av Sogndal vassbehandlingsanlegg - Nordic Water - Jakop Gjevre
Nytt vassinntak og vasskjelde i Leikanger - Sognekraft - Harald Fimreite
Skybasert driftskontroll - Normatic - Kjell Myklebust
Driftskontrollanlegg/toppsystem - Caverion - Jan Kristian Løkling


Forrige
Forrige

Fagmøte om beredskap - Last ned foredrag

Neste
Neste

Revisjon av kommunaltekniske VA-normer