I samband med arbeid med ROS og beredskapsplan har me hente inn prisar på nødvassutstyr.
I hovudsak er fokuset på 1000 liter tankar, komplett med tilleggsutstyr som gjer at dei er lette å lagre, sette opp og tåler kulde. Dette er utstyr som kvar kommune burde ha tilgjengeleg.
Her er det moglegheit for å kunne samarbeide om innkjøp for å få reduserte prisar, samstundes redusere ressursbruken på innkjøp.
Me kjem til å kalle inn til eit kort Teams møte for kommunane i Sogn og Fjordane den 25. juni kl. 12:30. Der går me gjennom aktuelt utstyr, korleis me kan arrangere innkjøp og får ein peikepinn på kven som er interessert i å vere med.
Deltakaravgift for møte vert satt til 1000,- kr. eks mva. for kvar kommune, så kan kommunen stille med så mange dei ynskjer.
Påmelding gjerast ved å fylle ut skjemaet under, eller på e-post til møteleiar Kjell Sverre Bergum